Vis hele kalenderen

24.10.2017

  • Kunnskapsministeren til Tromsø

    Henrik Asheim| Kunnskapsdepartementet

    Tysdag 24. oktober kjem kunnskapsminister Henrik Asheim til Tromsø. Han skal til Sommerlyst skole og UiT Noregs Arktiske Universitet.

    Program: 

    09.00: Sommerlyst skole
    Statsråden kjem til Sommerlyst skole for å lære meir om korleis dei arbeider med stress og livsmestring.

    Stad: Holtveien 2, 9012 Oslo.

     

    11.00: UiT Noregs arktiske universitet

    UiT har ein ambisiøs plan for å få enda meir nøgde studentar. Statsråden vil sjå korleis Noregs fiskerihøgskole gjer utdanninga meir arbeidslivsretta. Han vil også vitje Simfish-laboratoriet for å sjå på korleis studentar lærer om hav- og fiskeforvaltning med hjelp av nyutvikla spelbasert undervisning. 

    Stad: Muninbakken 21, 9019 Tromsø 

    Kontakt:

    Det blir høve til å intervjue statsråden begge stader. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Hong Pham. E-post: hoph@kd.dep.no, tlf. 99 21 46 10.