Kven bør få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2018?

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og er eit føredøme for andre. 2. april er fristen for å sende inn framlegg.

Annonseplakat for nynorskprisen
Foto: Nynorsk mediesenter

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide i NRK var fyrste prisvinnaren. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Du kan sende framlegg til Nynorsk mediesenter. Skriv kvifor kandidaten din bør får prisen og legg gjerne med døme på arbeida hans/hennar. Merk framlegget “Nynorskprisen 2018”, og send det til nynorskmediesenter@nrk.no

Dette vert den fyrste prisen den nye juryen deler ut. Der er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar for TV 2-programma TV 2 Hjelper deg og Matkontrollen. I juryen har ho med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Du kan finne ut meir om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar på nettsida til Nynorsk mediesenter

Til toppen