Historisk arkiv

Lanseringa av Nasjonal kompetansepolitisk strategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen deltar på lanseringa av Nasjonal kompetansepolitisk strategi

For fyrste gong er myndigheitene og partane i arbeidslivet samde om ein strategi som skal sikre arbeidslivet den kompetansen det har behov for. Fredag blir den historiske avtalen signert av statsminister Erna Solberg, representantar frå arbeidslivets hovudorganisasjonar, Sametinget og Vaksenopplæringsforbundet.

Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren og statsministeren om lag klokka 12.45. Då skal dei møte to tilsette på hotellet som får norskkurs på arbeidsplassen.

Det vil også vere høve for pressa å intervjue partane ved arrangementets slutt.

Vi ber journalistar som ønskjer å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ajfer Husejin, tlf.: 95936485, e-post: ajf@kd.dep.no.

Journalistar som ønskjer å intervjue statsministeren kontaktar kommunikasjonsrådgivar for statsministeren, Anne Nordskog, tlf.975 30 948. E-post: ano@smk.dep.no

Det er ikkje nødvendig med akkreditering, men journalistar og fotografar som vil inn på lanseringa må vise pressekort ved inngangen.

Stad: Scandic Hotell Edderkoppen, St.Olavs plass 1

Tid: Fredag 3.februar klokka 12.15-14.30

 Sendinga blir strøymd på facebook/kd.

 Program:

 12.15         Innleiing ved Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

 12.30         Signering av avtalen med alle partane

12.45-13.15        Statsminister Erna Solberg og Torbjørn Røe Isaksen møter to tilsette ved hotellet som tar norskkurs på arbeidsplassen.

 13.25         Paneldebatt: Korleis gå frå ord til handling? Debattleiar: Terje Svabø. Partane og kunnskapsministeren sit i panelet.

 14.00         Arrangement slutt