Historisk arkiv

Miljøekspertar til Vitskapskomiteen for mattryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

1. juni 2015 blei det oppretta to nye faggrupper for miljø i Vitskapskomiteen for mattryggleik. Helse- og omsorgsdepartementet har utnemnd 22 miljøekspertar til dei to faggruppene som skal jobba med miljørisikovurderingar på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Professor Vigdis Vandvik frå Universitetet i Bergen er utnemnd som leiar av faggruppa for framande organismar og handel med trua arter (CITES). Seniorforskar Ida Skaar frå Veterinærinstituttet er utnemnd som leiar av faggruppa for mikrobiell økologi. Totalt var det 79 kandidatar som søkte om å bli miljøekspert i dei to gruppene.

Vitenskapskomiteen for mattryggleik (VKM) skal i ein prøveperiode på to år utføre enkelte miljørisikovurderingar og andre vitskapelege vurderingar knytta til mikrobiologiske produkter, fremande organismar og handel med trua arter (CITES) for Miljødirektoratet.

VKM gjer uavhengige, opne, tverrfaglege, vitskaplege risikovurderingar for Mattilsynet og Miljødirektoratet. Mattilsynet bruker vurderingane frå VKM i rådgjeving og utvikling av regelverk. Mattilsynet og Miljødirektoratet bruker vurderingane når dei skal gje innspel til departementa.

Les meir på Vitskapskomiteen for mattryggleik sine nettsider