Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Møter fredsprisvinnarane

Adresse: Inkognitogata 18 i Oslo

Sted:

Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnarane frå den tunisiske «Kvartetten for nasjonal dialog» til frukostmøte i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool med NTB scanpix, NRK TV og TV2 som norske deltakarar kan arbeide inne ved starten av møtet. Oppmøte seinast kl. 08.00 i Riddervoldsgate 2.

Etter møtet, om lag kl. 09.15, vert det ein kort pressekonferanse med fredsprisvinnarane og statsministeren i regjeringas representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.45.

På grunn av byggjearbeider er det inngang til Riddervoldsgate 2 frå Inkognitogata.

Pressefolk som skal være til stades, må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 10. desember kl. 12.00, og ha med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Til toppen