Nattogtilbod mellom Oslo og København er fullt mogleg, men endeleg avgjerd krev meir kunnskap

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

– Tenk å kunne sovne på Oslo S, bli transportert på ein klimavennleg måte om natta og vakne opp neste morgon på Hovudbanegarden i Kongens by! Men vi er ikkje der no. Først treng vi meir kunnskap om mellom anna marknadsgrunnlag og samfunnsøkonomi. Jernbanedirektoratet skal no gå i gang med dette arbeidet og kome med ei tilråding, før vi tar endeleg stilling til om vi går inn for å etablere eit nattogtilbod mellom Oslo og København, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsdepartementet bad tidlegare i år Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å etablere eit nattogtilbod mellom den norske og den danske hovudstaden. Tidlegare denne månaden oversendte direktoratet ein rapport, som slo fast at det er mogleg å starte opp eit slikt tilbod. No ber departementet om at Jernbanedirektoratet arbeider vidare, slik at regjeringa har eit godt kunnskapsgrunnlag til å kunne avgjere om eit nattogtilbod mellom dei to byane blir ein realitet eller ikkje.

 –  Stadig fleire reisande ønskjer å kunne ta klimavenlege val også på lengre reiser. Dette har mellom anna ført til ei fornya interesse for nattog i Europa. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod mellom Oslo og utanlandske byar. I Hurdalsplattforma er vi klare på at vi vil styrkje nattogtilbodet. Det vil difor vere positivt om dei reisande kan få eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Det har ikkje gått nattog på denne strekninga på over 20 år. Men for å ta endeleg stilling til dette, treng vi meir kunnskap først, seier samferdselsministeren.

Skal gjennomføre marknadsundersøking
Både teknisk og juridisk ligg tilhøva til rette for å etablere eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Ifølgje Jernbanedirektoratets rapport vil det truleg òg vere marknadsgrunnlag for dette, men at det er tilrådeleg å gjennomføre ei marknadsundersøking. Ein viktig grunn er at det  ikkje eksisterer reisevanedata på tvers av landegrensene. Samferdselsdepartementet ber difor direktoratet gå i gang med dette. Arbeidet med marknadsundersøking vil òg vere eit grunnlag for samfunnsøkonomiske vurderingar i samband med ei eventuell etablering av nattogtilbodet.  

Behov for togmateriell
For å etablere eit nattogtilbod på strekninga, er det òg behov for å skaffe togmateriell. Samferdselsdepartementet har difor bede direktoratet om å gå i dialog med Norske tog AS for å få vurdert og eventuelt starte ein ikkje-forpliktande prosess for å kunne skaffe slike tog.

Vidare prosess
Jernbanedirektoratet har frist til 20. mai 2022 med å oversende grunnlagsmateriale med tilråding til Samferdselsdepartementet.


For fleire opplysningar – sjå:

  • Rapport frå Jernbanedirektoratet om nattogtilbod på strekninga Oslo-København
  • Supplerande tildelingsbrev nr. 8 – tinging til Jernbanedirektoratet om å utarbeide endeleg avgjerdsgrunnlag for å ev. å setje i gang eit nattogtilbod mellom Oslo og København