No får fylkeskommunane 290 millionar kroner til fylkesvegar
Pressemelding | Nr: 22/22 | Dato: 15.02.2022 | Samferdselsdepartementet
– Denne regjeringa er oppteken av fylkesvegane rundt om i heile landet. Vi må ta betre vare på dei vi har. No følger vi opp Nasjonal transportplan, og fordeler dei første 290 millionar kronane til nettopp dette formålet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I Nasjonal transportplan 2022-2033 er det lagt opp til ei auka satsing på fylkesvegar. Eitt av tiltaka er ei øyremerka tilskottsordning til vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegar. Den er no oppretta, og i 2022 skal om lag 290 millionar kroner bli fordelt mellom fylka.
– No startar vi opprustninga av fylkesvegane. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må betale for utbygging og vedlikehald. Det skal dei òg i framtida, men dette er ei hjelpande hand, seier samferdselsministeren.
Ei ny ordning
Den nye tilskottsordninga erstattar tidlegare ordningar under «Tilskudd til fylkesveier».
Det er Statens vegvesen som har ansvar for ordninga. Både fordelinga av midlane og oppfølging av prosjekta. Det er fylkeskommunane som vel kva for prosjekt dei brukar midlane på, innanfor rammene som er sett for ordninga i Nasjonal transportplan.
Fordelinga av midlane tek utgangspunkt i vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, ved å bruke den same fordelinga som i dag blir brukt til å fordele midlar til opprustning og fornying over rammetilskuddet på Kommunal- og distriksdepartementets budsjett.
– I tillegg til å følge opp Nasjonal transportplan, har vi lova i Hurdalsplattformen å utarbeide ein heilskapeleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet. Dette skal vi gjere i samspel med fylka. Dette vil vere viktig for etterslepet av vedlikehald på fylkesvegane er stort, seier Nygård.