Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Norge hald fram sin innsats i Hellas

Utfordringane Hellas står overfor no er Europa sine utfordringar. Noregs samla bidrag til Hellas er omfattande, med 600 millionar i EØS-midlar, relokalisering, hjelp til greske styresmakter og nødhjelp.

Den norske innsatsen for barna i Moria er skammeleg, skriv Morten Myksvoll i Bergen sin Tidende 9. september. Myksvoll omtalar dei 50 som no skal relokaliserast som om det er alt Noreg gjer.

Det gir eit svært ufullstendig bilete av Noregs omfattande innsats i Hellas.

Gjennom EØS-midlane til Hellas har Noreg gitt meir enn 600 millionar kroner for å sikre ei betre og meir effektiv asylforvalting og auka kapasitet i mottaksystemet. Mykje av innsatsen er retta mot sårbare grupper - som barn.

Eit sentralt tiltak under EØS-programmet for Hellas er pågåande etablering av 300 mottaksplassar. Dette tiltaket vil nå 1000 sårbare migranter og einslege mindreårige både på øyane og fastlandet, einslege, mindreårige mødre og valdsutsette kvinner med barn.

Noreg har støtta Hellas med personell gjennom EU sine byrå, og vi har støtta med utstyr til mottak og humanitær stønad. Dei siste årene har Noreg gitt nærmare 40 millionar kroner i humanitær stønad og som materiell gjennom EU sine samordningsmekanismer for sivil beredskap. I tillegg tilbyr no Noreg å sende eit medisinsk team på 25 personar til Hellas og ytterlegare utstyr om de er behov for det.

Noreg er ein viktig bidragsytar til UNHCR, som yter tenester til greske styresmakter, óg i mottaksleirane på dei greske øyane. Noreg sin kjernestønad til UNHCR i 2020 er på 380 millioner kroner.

På grunn av den vanskelege situasjonen i Moria vil regjeringa no framskunde relokalisering av asylsøkjarar frå Hellas til Noreg. Vi vil prioritere sårbare familiar med barn frå Syria. Dette er ei gruppe som med stor sannsynlighet vil få opphaldsløyve i Noreg.

Når Noreg relokaliserer 50 asylsøkere så er dette ein forholdsmessig stor del sett i forhold til folketallet, og over land som Frankrike, Belgia og Irland.

Noreg deltok frivillig i EUs relokaliseringsordning i 2015-2016. Vi var då blant dei svært få landa som faktisk gjorde det vi hadde forplikta oss til. Vi relokaliserte då 1509 - 693 frå Hellas. For mange andre land viste det seg enklare å love enn å gjennomføre. Noreg gjennomfører det vi lover.

I tillegg til relokalisering har Noreg sidan sommaren 2017 behandla sakene til 970 asylsøkarar som vi meiner Hellas var forplikta til å ta ansvar for etter Dublin-regelverket.

Noreg vil halde fram med å hjelpe Hellas, men samtidig ligg norsk asylpolitikk fast.

Vi er blant dei landa som tek imot flest overføringsflyktningar og som vi veit har eit behov for beskyttelse. Vi skal ta imot 3 000 kvoteflyktninger i år og 3000 neste år. Av flyktningane vi tek imot på kvota, er rundt halvparten barn. Dei vil få opphald, få bustad og integrerte i Norge. Dette er regjeringas hovedprioritet.

Det er regjeringas syn at vi må bort frå kortsiktige løysingar. Vi må få på plass ordninger som sikrar varig og forpliktande ansvars- og byrdefordeling for asylsøkarar til Europa. Då hjelper vi fleire, betre og lengre.