Ny direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Therese Hanvold blir ny direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Therese Hanevold, direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).
Therese Hanevold blir ny direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Foto: Privat

STAMI er det nasjonale forskingsinstituttet innan arbeidsmiljø og arbeidshelse, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Departementet meiner Hanvold har peika seg ut som den best kvalifiserte søkjaren til stillinga, og ho vart i dag åremålstilsett for ein periode på seks år i Kongen i statsråd.

Hanvold kjenner arbeidsmiljøforskinga og partane i arbeidslivet godt frå fleire ulike perspektiv. Erfaringa hennar som forskar i tre fagavdelingar i STAMI har gitt henne solid kunnskap og forståing innan arbeidsmiljøfeltet.

 

Om Therese Hanvold

Therese Hanvold er fødd 17. januar 1978. Ho har ei doktorgrad frå Institutt for helse og samfunn frå Universitetet i Oslo i 2015, ei mastergrad i helsevitskap frå Universitetet i Oslo i 2007 og ein bachelor i fysioterapi frå Oslomet i 2003.

Hanvold har vore tilsett i STAMI i 14 år. Ho starta som doktorgradsstipendiat i STAMI i 2009, og har etter det hatt stillingar som prosjektleiar, postdoktor og forskar fram til ho vart avdelingsdirektør i 2021. Hanvold har tidlegare arbeidserfaring som bedriftsfysioterapeut ved Aker Universitetssjukehus og privatpraktiserande fysioterapeut.