Samanhengande motorveg heilt fram til Øyer

- Vi ønsker å gje trafikantane ei meir eins oppleving av nye vegprosjekt. Derfor går vi inn for at Nye Veier AS også skal bygge ny veg med 110 km/t fartsgrense frå Ensby til Øyer i Oppland, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Frå Ensby er det i dag ei strekning på 5 km nordover med to og tre felt veg, og med fartsgrense på 80 km/t og 90 km/t. Nye Veier AS har foreslått at dette strekket blir ein del av selskapet si utbygging frå Moelv til Øyer.

– Vi meiner dette blir ei god løysing som gjer at vi unngår standardsprang og dermed gir trafikantane ei betre køyreoppleveing, seier Solvik-Olsen.

Prosjektet E6 Øyer – Tretten blei opna i desember 2012.

 

For meir informasjon: