Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

I proposisjonen foreslår regjeringa kostnadsramme for prosjektet E69 Skarvbergtunnelen i Finnmark. Vidare blir det orientert om fleire saker innan luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar. Dette inkluderer m.a. orienteringar om ADQ-forordninga og Fagernes lufthamn, om vidare prosess for prosjektet rv 23 Dagslett-Linnes i Buskerud og justering av Nye Veier AS si portefølje, om nye avtalar om leveranse av sjøtransporttenester på strekninga Bergen-Kirkenes, om vidare arbeid med U-864 ved Fedje, og om endring av breibandtilskotsordninga. Det blir òg gjort greie for oppfølginga av tre oppmodingsvedtak.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget