Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny undersøkingsstyresmakt for Forsvaret

Statens havarikommisjon for Forsvaret vart oppretta i 2017 for å undersøke ulykker og hendingar i Forsvaret. Regjeringa har vedteke at undersøkingsstyresmakta for Forsvaret skal overførast til Statens havarikommisjon for transport (SHT) frå i dag 1. juli 2020. Den nye organisasjonen vil heite Statens havarikommisjon.

Mandatet til undersøkingsstyresmakta er å forbetra sikkerheita i Forsvaret gjennom undersøkingar av ulykker og hendingar. Forsvarsundersøkingslova gjeld for Forsvarets verksemd og for verksemd som blir utført i tilknyting til, eller i nært samband med, utøvinga av Forsvarets verksemd.

 

Informasjon om Statens havarikommisjon er tilgjengeleg på https://www.havarikommisjonen.no

Her er oppdatert forskrift hjå Lovdata: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-06-24-1386

Til toppen