20 millionar til opprydding av sjøbotnen i Stavanger

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å gje 20 millionar kroner til opprydding i Stavanger indre hamneområde (Bangarvågen).

Sjøbotnen i indre hamneområd er sterkt forureina av kvikksølv og PCB. Ei opprydding vil stanse vidare forureining av miljøet. Foto: Wikipedia/Creative Commons.

Sjøbotnen i indre hamneområd er sterkt forureina av kvikksølv og PCB. Ei opprydding vil stanse vidare forureining av miljøet. Foto: Wikipedia/Creative Commons.

– Opprydding av gamal forureining i hamneområde er viktig, for livet i sjøen og for lokalbefolkninga. Dei siste par åra har regjeringa sørga for at fleire område blir rydda opp, slik som i Bergen, Flekkefjord og Sandefjord. Pengane til Stavanger er også viktige med tanke på den auka arbeidsløysa i området, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Effekt på sysselsetting

Oppryddinga i Bangarvågen i Stavanger kan bli sett i gang raskt og gje merkbar effekt på sysselsettinga allereie frå 2016 innan planlegging og anlegg. Reine massar frå tunnelboringa i vegprosjektet Ryfast i Ryfylke kan brukast til tildekking av forureina sjøbotn i hamneområdet.

Stavanger er blant dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding i forureina sjøbotn. Det er tidlegere gitt statlege pengar til undersøkingar og risikovurderingar i Stavanger, blant anna i Bangarvågen.

Samfunnsnyttig prosjekt

Det vil bli brukt massar frå den pågåande Ryfast-utbygginga, og prosjektet er også slik sett nyttig for samfunnet. Det er kort avstand frå Buøy til Bangarvågen, noko som gjer korte transport for massar til tildekkinga og med det mindre støy og støv i lokalområda.

Ny, rein sjøbotn vil bli danna, der nytt økosystem kan etablere seg i sentrale deler av Vågen. 

Tiltaket kan blir starta allereie i 2016 og vil truleg strekkje seg til ut i 2017.