Historisk arkiv

Nye anbefalingar om skrantesjuke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet og Miljødirektoratet har overlevert ein rapport til regjeringa med nye anbefalingar om mål, strategi og tiltak for handsaming av skrantesjuke i Noreg.

Under jakta på Hardangervidda i fjor haust vart det skoten ein villreinbukk som sidan viste seg å vere smitta av skrantesjuke (CWD). Dette var det første funnet av sjukdomen utanfor Nordfjella, der den blei fyrst oppdaga 2016. Etter funnet på Hardangervidda vart forvaltninga tvungen til å gjere nye vurderingar av korleis sjukdomen skal avgrensast, og om mogleg utrydjast frå Noreg.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har no overlevert sine nye råd og tilrådingar for handsaming av sjukdomen.

– Skrantesjuke er ein alvorleg sjukdom som truar villreinen, men den kan óg bli ein trussel for tamreinen. Eg har eit ynskje om å sikre friske bestandar av villrein og andre hjortedyr i framtida. Det er viktig å hindre at klassisk skrantesjuke spreier seg. Eg vil difor sjå grundig på tilrådingane frå Mattilsynet og Miljødirektoratet saman med Klima- og miljøministeren, før vi endeleg fastset vegen vidare, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Villreinen har ein nøkkelposisjon i den sørnorske fjellheimen, både reint økologisk og djupt i folkesjela til dei som bur i og brukar dei same områda. Noreg har óg eit internasjonalt ansvar for å ta hand om den siste resten av den europeiske villreinstamma, derfor er det avgjerande at vi no treff med dei rette tiltaka mot denne alvorlege sjukdommen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Rapporten som blei overlevert i dag finn du hjå:

Villrein.
Skrantesjuke er ein alvorleg sjukdom som truar villreinen. Foto: www.villrein.no / Arne Nyaas

Pressekontakt i :

Landbruks- og matdepartementet 
LMD-Pressevakt@lmd.dep.no Tlf.: +47 22 24 91 40

Klima- og miljødepartementet 
martin-lerberg.fossum@kld.dep.no Mobil: 468 19 812.