Nye styremedlemmar for Norsk Teknisk Museum

Kulturdepartementet oppnemner nye medlemmar til styret for Norsk Teknisk Museum for perioden 01.01.2022–31.12.2025.

Følgande styrerepresentantar er oppnemnt av Kulturdepartementet:

Ny styreleiar: Dag Terje Andersen, Larvik er tidlegare stortingspresident og tidlegare leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Han har bakgrunn som landbruksminister, næringsminister, fiskeriminister og arbeids- og inkluderingsminister. Videre har han mellom anna vore medlem og leiar av Finanskomiteen.

Nytt styremedlem: Lise Lyngsnes Randeberg, Trondheim var nyleg president i ingeniøranes fagforeining Tekna – Teknisk-naturvitenskapelig forening (2013-2021). Ho er styreleiar i Teknisk Ukeblad, professor i biomedisinsk optikk og fotonikk ved Institutt for elektronisk systemdesign ved NTNU, og er tilknytte Telenor-NTNU AI-lab.

Nytt styremedlem: Arnfinn Bjerkestrand, Stavanger er organist og tidlegare kultursjef i Stavanger kommune. Han har erfaring frå fleire verv i norsk kulturliv, mellom anna som tidlegare leiar for Musikernes Fellesorganisasjon (MFO), nåverande CREO.

Nytt styremedlem: Zaineb Al-Samarai, Oslo er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, og har arbeidd som kommunikasjonsrådgivar for Blå Kors og for konsulentselskapet Rud Pedersen.

Nytt varamedlem 1: Antonio Cataldo, Oslo er dagleg leiar for Fotogalleriet i Oslo. Han er kunstkurator, skribent og styremedlem i Kunsthallene i Norge.

Nåverande styremedlem Ingunn Rotihaug frå Eid og varamedlem 2 Runa Haug Khoury frå Oslo er ikkje på val no.