Historisk arkiv

Nytt styre for Den Nationale Scene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har oppnemnt nytt styre for Den Nationale Scene AS for perioden 2019 – 2023.

Den Nationale Scene AS er eigd av staten saman med Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. I tråd med vedtektene for selskapet vel staten ved Kulturdepartementet fem styremedlemer med to upersonlege varamedlemer. I tillegg vel dei tilsette to medlemer med personlege varamedlemer frå eigne rekker.  

- Eg vil takke det førre styret for stort engasjement og god innsats for Den Nationale Scene. Eg ser fram til å samarbeide med det nye styret om utviklinga framover for denne viktige institusjonen, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

- Det nye styret har brei økonomisk, juridisk og kunstfagleg kompetanse. Styret vil kunne utfordre teateret på retningsval for verksemda, og det vil følgje byggesaka tett, seier Skei Grande.

Styret er samansett slik:

Styreleiar: Katrine Trovik
Styremedlem: Dag Rune Olsen
Styremedlem: Kjersti Berge
Styremedlem: Anders Bjørnsen
Styremedlem: Roy-Eddy Lie
Varamedlemer: Magnus Thomassen og Eira Vilde Martinsen Garrido

Følgande er oppnemnde etter forslag frå dei tilsette: 

Kunstnarleg personale:

Styremedlem:  Kristoffer Sagmo Aalberg                          

Varamedlemer: Kjersti Elvik og Ragnhild Gudbrandsen

Øvrig personale:

Styremedlem:  Arne Kambestad                                                  

Varamedlemer: Frode Prestegård og Ole Friele