Oppfølging av sjukehusplanen

Helse- og omsorgsminister Bent Høie heldt i dag felles føretaksmøte for dei fire helseregionane. Eitt av hovudtema var oppfølging og iverksetting av Nasjonal helse- og sykehusplan i helseregionane.

Nasjonal helse- og sykehusplan blei lagt fram i november i 2015, og vedteken av Stortinget i mars i år. No skal helseregionane og sjukehusa arbeide vidare med å sette i verk planen.

-Helseføretaka skal utarbeide utviklingsplanar i tett dialog med kommunane og andre aktuelle aktørar. Utviklingsplanane for dei ulike sjukehusa må sjåast samla og sikre det totale helsetilbodet i helseregionen, sa Høie.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie på føretaksmøte med dei fire helseregionane.
Under føretaksmøte med dei fire helseregionane var eitt av houdtemaene til helse- og omsorgsminister Bent Høie oppfølging og iverksetting av Nasjonal helse- og sykehusplan i helseregionane. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet.

Helse- og omsorgsministeren er oppteken av at små og store sjukehus i helseregionane må samarbeide:

- Vi skal skape pasienten si helseteneste. For å få til det, må alle sjukehus samarbeide, dele fagfolka sin kompetanse og lære av kvarandre, sa Høie.

Regjeringa vil ha ei framtid med små og store sjukehus. Det gir befolkninga det beste tilbodet.  Alle pasientar skal ha rask behandling i nærområdet for dei vanlegaste sjukdommane, og behandling på større sjukehus med spesialkompetanse ved alvorleg og komplisert sjukdom og skader.

-Det må vere ei klar oppgåvedeling mellom store og små sjukehus, slik at alle gjør det dei er best på. Dei små sjukehusa skal sleppe å konkurrere om å bli kopiar av dei store. Vi ønsker at dei skal vere best på dei vanlege sjukdommane som folk treng behandling for nært der dei bur. Dei store sjukehusa må støtte opp under dei mindre sjukehusa sin eksistens, sa Høie.

Føretaksprotokollane vert lagt ut fortløpande på nettsida til departementet