Over 15 millionar kroner til fritidstiltak for personer med funksjonsnedsetting

Regjeringa fordeler i overkant av 15 millionar kroner til frivillige organisasjonar som arrangerer ferie- og velferdstiltak for personar med funksjonsnedsetting.

- Det er viktig for regjeringa at alle har eit meiningsfylt ferie- og fritidstilbod uavhengig av funksjonsevne. Gode fritidsaktivitetar er viktige for trivsel, meistring og felleskap. Dette handlar om å legge til rette for like moglegheiter og sosial inkludering, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja

I år mottek til saman 83 aktørar tilskot til fritidstiltak. Aktivitetane har eit breidt spenn - frå tilrettelagt friluftsliv til sommarleir og LAN-party. Felles er at hovudmålgruppa er personar med funksjonsnedsetting.

- Breidda i søkarane og mangfaldet av tilbod viser kor viktig ordninga er, og eg er glad for å sjå at organisasjonane er skikkeleg kreative. I desse tider er det særleg viktig med god tilrettelegging for at barn og unge igjen kan få tilgang til meiningsfylte fritidsaktivitetar, seier kultur- og likestillingsministeren

Målet med tilskotsordninga er å gi frivillige organisasjonar og stiftingar moglegheit til å arrangere gode ferie- og velferdstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som handterer tilskotforvaltinga på vegne av Kulturdepartementet.

Bufdir har i tillegg fordelt nærmare 207 millionar kroner til drift av organisasjonar for dei funksjonshemma. Tilskotsordninga skal bidra til at nasjonale frivillige organisasjonar for funksjonshemma kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gi service til sine medlemmar.