Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Godkjenner handel på Smålonane i Øygarden kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag godkjent reguleringsplan for Smålonane i Øygarden kommune. Planen opnar for å etablere eit handelsenter på Straume Sør.

- Eg har lagt vekt på at Straume er peikt ut som regionalt senter og på behovet for å leggje til rette for eit godt handelstilbod for befolkninga i den nye Øygarden kommune. Dette vil kunne motverke handelslekkasje ut av kommunen, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Den vedtekne reguleringsplanen seier at det kan etablerast sal av bilar og motorkøyretøy, båtar, landbruksmaskiner, trelast og andre større byggjevarer, hagesenter, møbelsenter, teppesenter og utsal av kvite- og brunevarer, med meir. Det kan og tillatast sal av detaljvarer på inntil 4000 m2.

Fylkeskommunen og fylkesmannen meinte omfanget av detaljhandel var for stort, og hadde motsegn til planforslaget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i denne saka valt å ikkje ta motsegna til følgje. Departementet har lagt vekt på at planområdet ligg i direkte nærleik til Straume sentrum med gangavstand mellom eksisterande senter og planområdet.

Les brevet her(pdf)

Til toppen