Kraftsamling mot svolt

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa la i dag fram strategien «Kraftsamling mot svolt – ein politikk for auka sjølvforsyning» for å styrkje den norske innsatsen for matsikkerheit i utviklingsland.

– Pandemi, klima og krig gjer at vi kan stå overfor ei global matkrise utan sidestykke. For å motverke aukande svolt tek regjeringa no eit krafttak. Med denne strategien samlar vi den norske innsatsen for matsikkerheit ved å satse på småskalaprodusentar av mat og verdikjedene deira. Vi skal medverke til auka sjølvforsyning i utviklingsland, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Forverra global matsikkerheit

Væpna konfliktar og klimaendringar som fører til naturkatastrofar og ekstremvêr, er dei viktigaste årsakene til matmangel og svolt. Pandemien og den folkerettsstridige russiske invasjonen av Ukraina i februar 2022 har forverra den globale matsikkerheita ytterlegare. 828 millionar menneske hadde ikkje tilgang til nok, trygg og ernæringsriktig mat i 2021. For 345 millionar av desse er situasjonen akutt, og 50 millionar er på randa av hungersnaud.

Auka satsing i Afrika

Kraftsamlinga inneber auka satsing i fem land i Afrika: Ghana, Malawi, Mosambik, Sør-Sudan og Tanzania. Alle desse landa har store matsikkerheitsutfordringar og er land som Noreg allereie har ein betydeleg innsats i. Ein status som satsingsland inneber mellom anna auka politisk dialog og samarbeid, både med nasjonale styresmakter, internasjonale organisasjonar og lokale sivilsamfunnsorganisasjonar i desse landa.

– Det er absurd at Afrika importerer mat for vel 60 milliardar dollar i året. Afrika har potensial til å brødfø seg sjølv, og denne omdreiinga skal Noreg bidra til, seier Tvinnereim.

Styrkt innsats for klimatilpassing

Strategien legg vekt på ein styrkt innsats for å gjere småskalaprodusentar av mat meir robuste i møte med den brutale røyndomen dei står overfor som følgje av globale klimaendringar. Strategien inneheld òg konkrete grep for å styrkje samanhengen mellom humanitær innsats og langsiktig utviklingsinnsats i kampen mot svolt.

– På reisene mine ser eg korleis land treng hjelp i møte med klimaendringane. Småskalaprodusentar av mat må bli sette i stand til å stå imot klimaendringane. Dei treng kunnskap, teknologi og investeringar, og tilgang til lokale marknader. Vi skal bidra til at det vert mogleg for dei å ha stabile inntekter og langsiktig matsikkerheit også i framtida, seier Tvinnereim.

Les strategien her.