Historisk arkiv

Priv til red:

Koronasituasjonen: Pressekonferanse med Høie, Melby og Asheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Invitasjon til pressekonferanse tysdag 11.august kl. 16.00 med statsrådane Bent Høie, Guri Melby og Henrik Asheim i samband med skule- og studiestart.

Nett-tv Koronasituasjonen: Pressekonferanse med Høie, Melby og Asheim

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet vil også vere til stades.

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.
Oppmøtetid: Kl. 15.45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har høve til å møte opp kan sende inn spørsmål til kdinfo@kd.dep.no med teksten PK 1108 i emnefeltet, innan kl. 15.00 tysdag. Avsendar må vere registrert hjå eit mediehus eller vere på eit frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte under pressekonferansen.

Pressekontakt
Kontakt kommunikasjonseininga i Kunnskapsdepartementet på 22 24 77 07 eller kdinfo@kd.dep.no

Om sendinga
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje sendinga direkte på www.regjeringa.no. Der kan ein også laste ned videofila i etterkant. 

Tiltak for å hindre smittespreiing
Departementa og Statsministerens kontor har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.
Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern