Historisk arkiv

Regelendringar frå 1. juli 2018 – Arbeids- og sosialdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Her er oversikt over nokre viktige regelendringar frå 1. juli 2018 på Arbeids- og sosialdepartementets område.

Kjøp av reinhaldstenester

Endring i «forskrift om offentlig godkjenning av renholdsvirksomheter og om kjøp av renholdstjenester»: frå 1.juli må også private sjekke om vaskehjelpa er godkjent. I dag (før 1. juli 2018) er det berre bedrifter som har forbod mot å kjøpe reinhaldstenester frå verksemder som ikkje står i Arbeidstilsynet sitt register.

Les meir:

Forskrift om endring av forskrift om offentlig godkjenning av renholdsvirksomheter og om kjøp av renholdstjenester (Lovdata)

Hjelpestønad sats 0 blir avvikla

Hjelpestønad sats 0 er ei overgangsordning som har eksistert sidan 1992. Stønaden har vore gitt til menneskje med særskilde behov for hjelp i huset som følgje av til dømes varig sjukdom eller skade. Dei som i dag bruker stønaden til å dekkje privat hjelp i huset, kan frå 1. juli søke kommunen om hjelp.

Les meir:

Prop. 7L (2017–2018)

Prop. 1S (2017–2018)

Utbetalingsmelding på papir

Frå og med trygdeutbetalinga i juli blir det mogleg for pensjonistar å få utbetalingsmeldinga sendt på papir i posten.

Les meir: