Regionale smitteverntiltak i fleire kommunar i Vestland

Dette innholdet er mer enn 2 år gammelt.

Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har følgt situasjonen i Vestland dei siste vekene. Det har vore stigande koronasmitte over tid i regionen.

– Det er stor pågang av pasientar og høge tal på sjukmeldingar og anna fråvær i helsetenestene både i kommunane og på sjukehusa. I tillegg er sjukehusa i regionen i gul beredskap. Situasjonen er svært utfordrande. Difor set vi i verk tiltak her nå, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Desse regionale tiltaka vert innførte med forskrift:

  • Påbud om bruk av munnbind der det ikke er mulig å holde minst én meters avstand i butikker, kjøpesentre, serveringssteder, kollektivtransport, innendørs stasjonsområder og taxi. Plikten til å bruke munnbind gjelder ikke for barn under 12 år, eller for de som av medisinske eller andre årsaker ikke kan bruke munnbind. Det er også anbefalt å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samstundes med mange andre eller er på veg ut av ein fotballstadion. Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje medan ein sit på ein fast tilvist plass eller ved eit bord på serveringsstad.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av uka.
  • Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Tiltaka er dei same som blei iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke i går.

Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:

  • Alver
  • Askøy
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bergen
  • Bjørnafjorden
  • Kvam
  • Osterøy
  • Modalen
  • Samnanger
  • Vaksdal
  • Voss
  • Øygarden

Helsedirektoratet støttar statsforvaltaren i oppmodinga om at følgjande kommunar følgjer smittesituasjonen i eigen kommune tett og kontinuerleg vurderer behovet for forsterka tilrådingar og tiltak: Eidfjord, Fedje, Gulen, Masfjorden og Ulvik.

Dei regionale tiltaka vil tre i kraft i dag, fredag 3. desember klokka 21, og gjeld inntil vidare.