Regjeringa vil ha fleire innvandrarar i utdanning og jobb

I budsjettet prioriterer regjeringa tiltak som er viktige for integrering. Til saman spissar ho innsatsen med opp mot 420 millionar kroner.

– Vi må bruke dei gode tidene til å gi fleire utdanning og få fleire i jobb. Derfor satsar vi på meir grunnskoleopplæring til innvandrarungdom, samtidig som vi styrker opplæringa i norsk og samfunnskunnskap og stiller tydelege krav. I tillegg styrker vi arbeidet mot barnefattigdom og sosiale forskjellar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

For mange innvandrarar står utanfor arbeidslivet. Dette gjeld særleg kvinner med fluktbakgrunn, der under halvparten er i arbeid. Budsjettet for 2019 skal gi fleire utdanning og kvalifisering, slik at dei kan kome i jobb og bli sjølvforsørgde.

– Auka deltaking er viktig for å sikre økonomisk og sosial berekraft, sjansar for alle og eit velferdssamfunn med tillit, samhald og små forskjellar. Mellom anna styrker vi innsatsen for å få innvandrarkvinner inn i arbeidslivet, og opnar for samarbeid med sosiale entreprenørar om arbeidsretta tiltak, seier Sanner.

Regjeringa er i gang med eit integreringsløft og ei stor reform som skal auke innvandraranes deltaking i arbeids- og samfunnsliv.

Varslar stor reform

Det er for stor variasjon i resultata i introduksjonsordninga. I nokre kommunar kjem 8 av 10 i arbeid eller utdanning. I andre kommunar er det berre 3 av 10 som kjem vidare.

– Vi skal reformere introduksjonsordninga, og stille tydelege krav til resultat. Fleire må få formell kompetanse som ein del av introduksjonsordninga. Gjennom ein ny standard skal det bli enklare for kommunen å tilpasse tilbodet til ulike menneske. Såkalla standardiserte element kan for eksempel vere eit tilbod om grunnskoleundervisning, norskopplæring eller rettleiing til foreldre, seier Sanner. 

Også når det kjem til språkopplæring, er variasjonen for stor. I nokre kommunar kan du ha budd i Noreg i fleire år utan å kunne norsk. Regjeringa ønskjer derfor å fornye og forbetre opplæringa, og vil sette av 16 millionar kroner til vidareutdanning av lærarar i vaksenopplæring for innvandrarar.

– Nøkkelen til ei betre integrering er godt språk og god kjennskap til det norske samfunnet. Derfor må vi sikre at alle får betre opplæring, og at innvandrarar med fluktbakgrunn skal komme raskare i jobb eller utdanning. Vi skal stille krav til kommunane og til den enkelte, seier Sanner.

Regjeringa vil mellom anna greie ut korleis det kan stillast krav om deltaking på norskkurs for  sosialstønadsmottakarar som ikkje kan norsk. 

Satsar på ungdom

– Barn og unge med innvandrarbakgrunn har eit sterkt driv mot utdanning, og mange lukkast veldig godt. Men blant dei flyktningane som kjem til Noreg som ungdomar, fullfører berre om lag halvparten vidaregåande opplæring. Denne gruppa treng eit betre tilbod slik at gjennomføringa aukar, og fråfallet går ned.

Regjeringa foreslår å styrkje den delen av Jobbsjansen som er retta mot grunnskoleopplæring av innvandrarungdom med 35 millionar kroner.  Tilskotet skal mellom anna gå til kombinasjonsklassar, der ungdom med "kunnskapshol" får  grunnskoleopplæring samstundes med at dei går på ein vidaregåande skole.

Til kamp mot barnefattigdom

Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i statistikken over hushald med låg inntekt. Regjeringa set av 46 millionar kroner til gratis kjernetid i barnehage for to-åringar frå familiar med låg inntekt.

– Tidleg deltaking barnehage er mellom anna med på å styrke språkutvikling, noko som kan gi betre grunnlag for vidare utdanning. Derfor vil vi også styrke rekrutteringstiltak i barnehage i utsette byområde. Alle har vi ulik historie, men du har krav på ei god framtid same kvar du bur, seier Sanner.

I desember 2018 legg regjeringa fram ein strategi som skal gi tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Målsetjinga med strategien er auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv, og regjeringa prioriterer målretta integreringstiltak i budsjettet for 2019.

Sjå også pressemeldinga "Gratis kjernetid i barnehagen til 11 000 2-åringer"

Til toppen