Historisk arkiv

Sanner på tidleg innsats-turné i Telemark og Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 25. april kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Bø, Skien og Tønsberg.

Sanner ønskjer å sjå gode eksempel og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider med tidleg innsats for å fange opp barn som strevar.

Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får for mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om tidleg innsats.

Program for dagen:

10.30 – 12.00 Møte med sekretariatet og Foreldreutvalget for barnehager og Foreldreutvalget for grunnopplæringen i Bø, Lundevegen 3, Bø       
13.00 – 14.15

Besøk på Mæla ungdomsskole, Gamlegrensa 9, Skien

Mæla er ein digital skole utan lærerbøker, der kommunikasjonen går via OneNote. Statsråden møter elevar og foreldre som får spesialundervisning. Han besøker også ei velkomstklasse med nykomne elevar.

15.30 – 16.30

JÅNG Lærlingfestival på Støperiet, Rambergveien 11,

Tønsberg

 

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervju. 

Kontakt:

Journalistar som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Cathrine Slaaen på telefon 97677247 eller pr. e-post på cathrine. slaaen@kd.dep.no