Forsida

Sender evaluering av statsforvaltarstrukturen på høyring

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har evaluert dagens struktur for statsforvaltarembeta. No blir rapporten sendt på høyring.

– Som følge av endra fylkesinndeling blir det gjort ei vurdering av endring i inndelinga av statsforvaltarembeta. Før vi tek ei avgjersle i saka ønskjer eg eit så bredt forankra avgjerdsgrunnlag som mogleg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Statsforvaltarane fekk ei ny geografisk inndeling 1. januar 2019. 18 embete blei til 10, og Statsforvaltaranes fellestenester (STAF) blei etablert som ei eiga verksemd. 

Rapporten blei utført på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. No ber departementet høyringsinstansane om å gi sitt syn på anbefalingane i rapporten. Fleire av anbefalingane er direkte kopla til den geografiske inndelinga til statsforvaltaren. 

– Med unntak av Oslo og Akershus, så har statsforvaltarembeta tidlegare følgt same geografiske inndeling som fylka. Eg ønskjer at innbyggarar, kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar og andre samarbeidspartnarar skal få moglegheit til å gi sine innspel, før vi bestemmer den framtidige strukturen på embeta, seier Gjelsvik.

Fristen for å gi høyringsinnspel er 27. januar 2023.

Les høyringsbrevet her.