Historisk arkiv

Statsministeren deltek på digitalt klimatoppmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek på det digitale klimatoppmøtet som USAs president Joe Biden har invitert til. 40 stats- og regjeringssjefar er inviterte til møtet.

Møtet kan følgjast direkte på nettsida til Det kvite hus.

Statsministeren følgjer president Bidens opningstale frå Statsministerens kontor, og me legg til rette for at ein liten pool av fotografar (NTB og NRK eller TV2) kan få jobbe inne i rommet ved starten av møtet. Etter opninga, tentativt kl. 14.45, er statsministeren tilgjengeleg for presse på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Presse som ønskjer å delta, kan melde seg på til mo@smk.dep.no innan torsdag 22. april kl. 10.00.

I løpet av toppmøtet skal statsministeren halde eit innlegg i den sesjonen som handlar om korleis innovasjon kan bidra til å få gjennomført det grøne skiftet. Dette skjer truleg fredag 23. april, men detaljane er enno ikkje klare. Me kjem tilbake med meir informasjon.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.