Vis heile kalenderen

08.11.2013

  • Statsministeren møter partane i arbeidslivet

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Fredag 8. november leiar statsminister Erna Solberg eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2014.

    Fredag 8. november leiar statsminister Erna Solberg eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2014.

    Tid: Fredag 8. november kl. 14.00.
    Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30.

    Etter møtet, om lag kl. 15.30, er møtedeltakarane tilgjengelege for pressa. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 15.00.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.