Historisk arkiv

Statsministeren og finansministeren til Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Bergen

Statsminister Erna Solberg besøkjer dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger, og har dei siste vekene besøkt Molde, Kristiansand, Tysvær og Karmøy. No står Bergen for tur. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar.

Kl. 09.30: Statsministeren og finansministeren besøkjer supply-skipet Skandi Wega. Skipet ligg ved Skoltegrunnskaien.

Kl. 11.00: Statsministeren og finansministeren møter gründerar i eit møte hos Bergen Teknologioverføring. Adresse: Bergen teknologioverføring/Nyskapingsparken Thormøhlensgt 51, Vilvite senteret, 2. etasje.

Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen møter representantar frå næringslivet i lokala til Sparebanken Vest i Bergen. Adresse: Jonsvollsgaten 2.

Kl. 14.50: Helse Bergen har fått 65 millioner kroner i ekstra sysselsetjingstiltak frå regjeringas tiltakspakke. Statsminister Erna Solberg besøkjer Haukeland universitetssykehus for å bli orientert om nokre av dei igangsette prosjekta. Adresse: Haukeland universitetssykehus, Augebygget.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.