Statsministerens program veke 2

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 10. januar
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg er til stades på ein minnegudsteneste i Gjerdrum kyrkje, etter leirskredet i Gjerdrum.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Høgres felleskonferanse. Konferansen er digital, men presse som har meldt seg på til partiet kan følgje statsministerens innleiing på Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre, på Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.

Måndag 11. januar
Om lag kl. 15.35: Statsministeren deltek digitalt på toppmøtet One Planet Summit for biodiversitet som vert arrangert i Paris.

Tysdag 12. januar
Kl. 09.00: Statsministeren taler på opninga av kontaktkonferansen for høgare utdanning og forsking. Du kan følgje konferansen her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Onsdag 13. januar
Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland inviterer til nettmøte om det digitale livet under og etter koronaen. Nettmøtet vil særleg handle om innbyggaranes møte med digitale løysingar i offentleg sektor. Møtet kan du følgje her.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Pressekontakt for distrikts- og digitaliseringsministeren er seniorrådgivar Thomas Strandberg, telefon 90 66 02 19, e-post thomas.strandberg@kmd.dep.no.

Torsdag 14. januar
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg deltek digitalt og taler på Trøndelagsmøtet 2021.

Kl. 11.10: Statsministeren har digitalt møte med personar og bedrifter som deltek på Trøndelagsmøtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 11.35: Statsministeren inviterer trønderar til ein digital kaffikopp i lunsjen. Har du noko du ønskjer å snakka med statsministeren om? Meld deg på her: https://regjeringen.no/kaffemederna

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Laurdag 16. januar
Statsministeren deltek digitalt på fylkesårsmøtet til Høgre Innlandet.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post hsat@smk.dep.no.