Statsministerens program veke 47

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 22. november
Kl. 13.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøkjer Akershus universitetssykehus (Ahus), i samband med koronapandemien.

Det er avgrensa med plass, så presse som ønskjer å dekkje dette besøket må akkreditere seg til: hbo@smk.dep.no innan måndag 22.11. kl.: 10.00. Seinast oppmøte for pressa er klokka 13.20.

Adresse: Sykehusveien 25, Nordbyhagen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Pressekontakt ved Akershus universitetssykehus er kommunikasjonsdirektør Dagfinn Aanonsen, telefon: 95 12 88 40, e-post: Dagfinn.Aanonsen@ahus.no.

Onsdag 24. november
Kl. 09.00: Statsministeren taler på Zerokonferansen 2021. Adresse: Thon Hotel Storo, Vitaminveien 23, Oslo.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Kartellkonferansen 2021 på Gol, der han mellom anna innleiar til debatt om det fagleg-politiske samarbeidet saman med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. Adresse: Pers hotell, Sentrumsvegen 72, Gol.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Torsdag 25. november
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på landsmøtet til Industri Energi i Folkets Hus i Oslo.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Laurdag 27. november
På kvelden er statsministeren til stades på musikkshowet og prisutdelinga P3 Gull. Adresse: Det gamle biblioteket, Arne Garborgs plass 4, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.