Statsministerens program veke 48

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 30. november
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre gjer greie for koronasituasjonen i Stortinget. Utgreiinga og debatten er venta å vare i omlag 2 timer. Tentativt kl. 12.00 inviterer statsministeren til pressekonferanse om same tema i Marmorhallen. Statsministeren vil altså ikkje vere tilgjengeleg for presse i Vandrehallen i Stortinget i etterkant av utgreiinga.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades på pressekonferansen.

Tidspunkt for pressekonferansen: Tysdag 30. november tentativt kl. 12.00.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Påmelding til hbo@smk.dep.no innan måndag 29. november kl. 22.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK3011 i emnefeltet. Innsendingsfrist tysdag klokka 11.15. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 11.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og

serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.

Onsdag 1. desember
Kl. 10.00: Statsministeren taler på opninga av Sykepleierkongressen på The Qube på Gardermoen. Adresse: Hans Gaarders veg 41.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 11.00: Statsministeren taler på 70-årsjubileet til Pensjonistforbundet. Adresse: Quality Airport Hotell, Lokevegen 7, Jessheim.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 12.15: Statsministeren taler på landsmøtet til Norsk Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund på Oslo Kongressenter.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.  

Torsdag 2. desember
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stortinget i samband med finansdebatten.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.