Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsrekneskapen for 2017

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart 148,6 milliardar kroner i 2017. Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2017 vart 222,8 milliardar kroner, 8,6 milliardar lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Det syner statsrekneskapen som vart lagt fram i dag.

Inntektene vart 6,1 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 2,5 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2017.

Det oljekorrigerte underskotet vart 36,7 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2016. Utgiftene vart 22,0 milliardar kroner lågare. Skatte- og avgiftsinntektene vart 8 milliardar kroner høgare, rente- og utbyteinntektene vart 2,7 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter vart 4 milliardar kroner høgare. Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2017 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Frå rekneskapen 2016 auka det oljekorrigerte underskotet med 14,4 milliardar kroner.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2017 no rekna til 214,0 milliardar kroner eller 2,8 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2016.

Kapitalen til Statens pensjonsfond auka med 1 002,2 milliardar kroner i 2017. Det meste av auken er knytt til SPU. Ved utgangen av 2017 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 8 484,1 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 240,2 milliardar kroner.

 

FAKTABOKS:

Om statsrekneskapen

Finansdepartementet utarbeider årleg Stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til viktige endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå forrige år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13. Nytt frå 2017 er vedlegg 3.11 i meldinga med presentasjon av note om gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein også finne meir detaljerte rekneskapstall.

 

Tabell 1 Nøkkeltal 2017-budsjettet (mrd.   kroner)

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

259,5

231,4

222,8

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

225,6

217,4

214,0

C) Strukturelt, underskot i pst. av BNP-Fastlands   Noreg

7,9

7,6

7,5

D) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

3,0

2,9

2,8

E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

1,8

2,3

1,9

F) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

8,6

G) Overskot i Statens pensjonsfond

86,3

142,9

140,1

H) Overskot på statsbudsjettet og i Statens   pensjonsfond

86,3

142,9

148,6

 

 Tabell   2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2017 (mrd. kroner)

Frå  rekneskap 2016

Frå
  saldert til rekneskap

Frå nysaldert til rekneskap

 

Auke i det   oljekorrigerte underskotet

-14,4

36,7

8,6

 

Netto   inntektsendringar

21,6

14,7

6,1

 

Av dette:

Skattar og avgifter

 

26,8

 

8,0

 

5,0

 

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,3

0,4

0,2

 

Renteinntekt og utbyte utan Statoil

2,7

2,7

0,0

 

Overføring frå Noregs Bank

-8,9

0,0

0,0

 

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

-0,3

0,9

0,9

 

Andre inntekter under departementa

0,9

2,7

0,0

 

Netto   utgiftsendringar

36,0

-22,0

-2,5

 

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar

12,7

-10,7

-0,7

 

Renteutgifter, statsgjeld

-2,0

-2,8

0,0

 

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i   meirinntekter

25,3

-8,5

-1,8

 

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond   2017 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens pensjonsfond Noreg

Samla

Netto kontantstraum

 167,8

 

 167,8

- Overført statsbudsjettet

 231,4

 

 231,4

+ Renter og utbyte

 196,4

 7,3

 203,6

= Overskot

 132,8

 7,3

 140,1

Kapital per 31.12.2016

 7 509,9

 212,3

 7 722,1

+ Overskot

 132,8

 7,3

 140,1

+ Valutakursregulering

 14,7

 -  

 14,7

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

 826,7

 20,7

 847,4

= Kapital per 31.12.2017

 8 484,1

 240,2

 8 724,3

Endra verdi fondskapital

 974,2

 27,9

 1 002,2

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2016

Saldert   budsjett 2017

Nysaldert budsjett 2017

Rekneskap 2017

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 162 481

1 180 571

1 219 894

1 225 888

A.1

Inntekter frå   petroleumsverksemda

152 594

163 771

194 478

194 411

A.2

Inntekter utanom   petroleumsverksemda

1 009 888

1 016 800

1 025 416

1 031 477

B

Utgifter i alt

1 246 091

1 301 806

1 283 810

1 280 867

B.1

Utgifter til   petroleumsverksemda

27 815

25 500

27 000

26 564

B.2

Utgifter utanom   petroleumsverksemda

1 218 276

1 276 306

1 256 810

1 254 303

 

Oljekorrigert   overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-208 388

-259 506

-231 394

-222 826

+

Overført frå   Statens pensjonsfond utland

212 516

259 506

231 394

231 394

=

Overskot   i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

4 127

0

0

8 568

2.

Statens   pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto   kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

124 779

138 271

167 478

167 847

-

Overført frå   Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

212 516

259 506

231 394

231 394

+

Renteinntekter   og utbyte i fondet

196 629

207 500

206 800

203 625

=

Overskot   i Statens pensjonsfond

108 892

86 265

142 884

140 078

3.

Statsbudsjettet   og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

113 020

86 265

142 884

148 646

 

Les meir i Meld. St. 3 (2017–2018) Statsrekneskapen 2017

Til toppen