Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Bergen Engines

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ine Eriksen Søreide (Høgre) om stans i salet av Bergen Engines.

Skriftleg spørsmål nr. 489 (2022-2023).
Datert 23.11.2022

Frå representanten Ine Eriksen Søreide (H):
Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til utenriksministeren: Hvilke vedtak er fattet av utenriksministeren i medhold av pkt. 3 i Kgl. res. av 26. mars 2021 om stans i salget av Bergen Engines AS i medhold av sikkerhetsloven § 2-5, når det gjelder tillatelse til salg av motorer og reservedeler til Russland?

Utanriksministeren sitt svar:
Konklusjonspunkt 3 i Kgl. res av 26. mars 2021 lyder:

«Utenriksministeren gis fullmakt til å fatte vedtak om at enhver eksport av varer eller teknologi fra Bergen Engines eller selskapets datterselskaper til Russland, med sluttbruker i Russland eller til aktører hjemmehørende i Russland må underlegges forutgående godkjenning av Utenriksdepartementet».

Konklusjonspunktet vart teken inn som ein yttarlegare mekanisme for å gjere norske myndigheiter i stand til å hindre sikkerheitstrugande kunnskaps- og teknologioverføring på annan måte dersom pålegget om stansing av salet av Bergen Engines AS frå Rolls-Royce til TMH ikkje vart følgd. Ordlyden i konklusjonspunkt 3 gav utanriksministeren fullmakt til å pålegge Bergen Engines eit skjerpa eksportkontrollregime føresett at Rolls Royce gjekk vidare med salet til TMH.

Salet vart samstundes stoppa, noko som førte til at det ikkje vart aktuelt å nytte denne fullmakta overfor selskapet. For Rolls Royce innebar det at selskapet vart underlagt same regime for eksportkontroll som alle andre verksemder underlagt regelverket.