Therese Riiser går av som kommunikasjonssjef

Therese Riiser går av som kommunikasjonssjef i Finansdepartementet og blir administrerande direktør i Sparebankforeningen. Som følgje av dette er ho er pålagt karantene etter karantenelova §14, og fråtrer difor stillinga med direkte verknad.

Riiser har vore kommunikasjonssjef i Finansdepartementet sidan april 2017.

Departementet vil så snart som mogleg starte arbeidet med å tilsette ny kommunikasjonssjef. Tidlegare kommunikasjonssjef i Olje- og energidepartementet, Ole Berthelsen, vil fungere i stillinga inntil vidare.