Trollstigen: No vert det mobildekning
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 68/19 | Dato: 14.06.2019
- Det er svært gledelig at vi no får mobildekning i og rundt Trollstigen. Dette gjer det enklare å kome i kontakt med naudetatane og veghjelp ved hendingar på og langs vegen. Vi sørger for ei tryggare reise for både næringsliv, turistar og folk flest i området, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Statens vegvesen utlyste i fjor eit anbod om å bygge ut mobildekninga på fylkesveg 63 frå Trollstigplatået og mot Langdalen i Møre og Romsdal. Telia vann anbodet.
- Regjeringa sørger no for utbygging av dekning for tale og 4G i eit område der tusenvis av turistar ferdast om sommaren. Naudnettet vil også fungere på same nettet, noko som vil være med å auke beredskapen på strekninga. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) bidrar med tilskot til utbygginga, i tillegg til det Telia går inn med sjølv, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.
Det har lenge vore etterlyst betre mobildekning på strekninga frå Trollstigen og innover fjellet. Det er utfordrande å få mobildekning langs vegstrekninga fordi ho er stengt store delar av året. Nasjonalparken gjer det òg vanskeleg med strømtilførsel. Derfor skal Telia bruke solceller og vindturbinar for halde nettet i gang.
Telia tek sikte på at mobilnettet er oppe frå 2020.
Foto: SD/Henrik Jonassen