Historisk arkiv

Utgreiing av riksveg 4 Jaren-Mjøsbrua og heile Gjøvikbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet ber nå Statens Vegvesen og Jernbaneverket utarbeide ei konseptvalutgreiing som tek for seg RV4 mellom Jaren og Mjøsbrua og hovudvegsystemet i Gjøvik, samt heile Gjøvikbanen.

- Trafikkutrekningar viser at det vil vere for dårleg kapasitet i Gjøvik sentrum allereie i 2020. Difor er det naudsynt å sjå på utviklinga av hovudvegsystemet i og gjennom Gjøvik. Sør og nord for Gjøvik må vi sjå på den vidare utviklinga av ein trafikksikker veg i tråd med nullvisjonen om ingen drepne og hardt skadde, saman med næringslivet sine behov for eit påliteleg og effektivt transportsystem. Samstundes som vi ser på utviklinga av RV4, er det naturleg å sjå på korleis Gjøvikbanen kan utviklast på lengre sikt. For å sikre eit best mogleg grunnlag for seinare vedtak, ber vi om at Vegdirektoratet og Jernbaneverket saman skal sjå på framtidige løysingar for riksveg 4 og heile Gjøvikbanen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.   

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Vegdirektoratet og Jernbaneverket mandatet for konseptvalutgeiinga (KVU) om vegstrekninga Jaren-Mjøsbrua på riksveg 4 og Gjøvikbanen for strekninga Oslo-Gjøvik-Mjøsbrua. Føremålet med utgreiinga er å utarbeide framtidige konseptval  for strekninga Jaren-Mjøsbrua på riksveg 4 og på Gjøvikbanen, og å sjå på dei transportfaglege utfordringane på både veg- og banestrekninga.

Todelt samfunnsmål

Samferdselsdepartementet har fastsett desse samfunnsmåla for utviklinga av riksveg 4 og Gjøvikbanen:

  • Transportsystemet skal utviklast for auka trafikktryggleik og auka effektivitet for godstransporten.
  • Transportsystemet i Gjøvik og for arbeidsreiser i og ut av regionen skal utviklast i ei meir miljøvennleg retning.

Riksveg 4 – betre trafikktryggleik og regional utvikling    

RV4 er i dag svært viktig for arbeidspendlarar og næringslivet, og er eit hovedsamband mellom Vest-Oppland og Oslo-området. I tillegg speler vegen ei viktig rolle i lokaltrafikken på Gjøvik og Hadeland. Utbygging av delstrekningar på RV4 sør for Jaren allereie er i gang,  og det er allereie laga ei tilsvarande utgreiing for strekninga RV4 gjennom Nittedal. Difor er utgreiinga geografisk avgrensa frå Jaren til Mjøsbrua, der RV4 møter E6.   

Rundt Gjøvik er det i dag mykje rushtrafikk om ettermiddagane. Utgeiinga skal difor sjå nærare på korleis hovudvegsystemet i og gjennom Gjøvik skal utviklast.  

Sør for Gjøvik er det viktig å sjå på korleis RV4 kan dekkje transportbehovet i framtida og fremje regional utvikling.  Behovet for ein trafikksikker veg samstundes som næringslivet treng eit påliteleg, effektivt og sikkert transportsystem, er viktige utfordringar for den framtidig utviklinga av RV4. På kort sikt er det viktig å få avklart korleis vegen skal utviklast mellom Gjøvik og Mjøsbrua. På litt lengre sikt er det behov for tilsvarande avklaring for RV4 rundt Gjøvik og frå Reinsvoll og sørover til Jaren.     

Gjøvikbanen – utgreiinga må omfatte heile strekninga 

Som følgje av at mykje av aktiviteten på Gjøvikbanen er knytt til person- og godstransport inn og ut av hovudstadsområdet, er det ikkje tenleg med ei geografisk avgrensing mellom Jaren og Gjøvik. Det er òg viktig å kaste lys over dei ulike og langsiktige utviklingsmoglegheitene for banestrekninga. Grunnen er at ei modernisering av banen truleg vil måtte skje over lang tid.

Konseptvalutgreiinga om riksveg 4 og Gjøvikbanen skal vere ferdig i løpet av våren 2016.

Se også brev av 13. februar 2015 til Vegdirektoratet og Jernbaneverket (pdf)