Utlysing - "Årets nynorskkommune" i 2015

Kulturdepartementet skal kåre årets beste nynorskkommune i 2015. Føremålet er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. Utdeling av prisen blir i desember 2015, og vinnaren mottek 100 000 kroner.

Kven kan søkje om prisen?

Kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under, kan søkje:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen. Kommunar som har søkt tidlegare er velkomne til å søkje.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Søknadsfristen er 13. november 2015.
Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send den til post@sprakradet.no

Kontaktperson: Seksjonssjef Kristin Solbjør, Språkrådet, telefon 977 69 814