Historisk arkiv

Ventar svak auke i verdas produksjon og handel med kjøt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Den samla produksjonen av kjøt i verda vil auke med dryge ein prosent i 2015. Det syner ein ny prognose frå FAO. Produksjonsauke for svin og fjørfe driv veksten i den globale produksjonen.

FN sin organisasjon for mat og landbruk, FAO, har nyss gitt ut ein ny utgåve av rapporten Food Outlook, med prognosar for verdas produksjon og handel med landbruksprodukt i 2015.

Prognosen for kjøt syner at den samla globale produksjonen i år vil ende på om lag 318,7 mill. tonn. Det er ei moderat auke på vel ein prosent frå 2014. Verdshandelen med kjøt ser ut til å auke med i underkant av to prosent i 2015, til noko over 31. mill. tonn. Til samanlikning auka handelen med over tre prosent frå 2013 til 2014.

Svin og fjørfe veks mest

Den globale produksjonen av svinekjøt ser ut til å auke med nær to prosent, til 119,4 mill. tonn. I mange land i Asia aukar etterspurnaden etter svinekjøt og bidrar til at produksjonen veks. Andre store produsentar som USA, Brasil, EU og Canada vil òg auke produksjonen i år.

Veksten i produksjonen av kylling ser ut til å flate ut, etter å ha vore i gjennomsnitt tre prosent per år det siste tiåret. FAO forventar at den globale produksjonen i år vil auke med i overkant av ein prosent, til 111,8 mill. tonn. Den viktigaste årsaka til denne utviklinga er fugleinfluensa i verdas største produsentland, Kina. Både etterspørselen og produksjonen i landet stagnerer. Andre store produsentar som USA, EU og Brasil ser ut til å auke produksjonen i år.

Kyr.
Produksjonen av storfekjøt er ikkje venta å auke noko særleg dette året. Foto: Landbruks- og matdepartementet