Vil auke løyvinga til omsorgssentra

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa styrkjer det statlege barnevernet slik at Noreg kan ta i mot fleire einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar frå Ukraina. Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) føreslår å auke løyvinga til omsorgssentra for einslege mindreårige under 15 år med 150 millionar kroner, og å kunne overskride løyvinga med 250 millionar kroner for 2022.

– Barn som kjem til Noreg skal bli godt tatt hand om, og få naudsynt støtte og hjelp. Mitt hovudansvar er å sørgje for at barn under 15 år som kjem åleine får eit tilbod i eit omsorgssenter før dei flyttar til ein kommune, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har auka kapasiteten i omsorgssentra for einslege mindreårige under 15 år, og har ytterlegare nær 450 plassar i beredskap i det regionale systemet.

Ved utgangen av 2022 blir det lagt til grunn at det vil vere 240 barn i omsorgssentra, basert på at det samla kan kome 35 000 flyktningar. Desse berekningane er svært usikre og regjeringa føreslår allereie no å kunne overskride løyvinga viss det blir behov for det. 

– Om lag halvparten av dei som flyktar frå Ukraina er barn. Eg følgjer situasjonen tett, og er uroa for dei mange barna som blir hardt ramma av krigen. Barn på flukt er særleg sårbare. Fleire barn som flyktar til Noreg vil trenge hjelp frå barnevernet, seier Toppe.

Bufetat yter hjelp med barnefagleg kompetanse til Utlendingsdirektoratet (UDI). Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Politidirektoratet (POD) og UDI samarbeider òg om arbeid mot menneskehandel.

Barn er særskilt beskytta etter Barnekonvensjonen sin artikkel 22. Barn som i tillegg kjem åleine utan omsorgspersonar har behov for ekstra støtte og hjelp.

Dei som er mellom 15 og 18 år når dei kjem til Noreg og søkjer vern, får tilbod om å bu på asylmottak for einslege mindreårige i regi av UDI. Dei som er under 15 år får tilbod om plass på eit omsorgssenter for mindreårige i regi av Bufetat.