Historisk arkiv

Vil gje rettleiing om planlegging i sjø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Planlegging i sjø er viktig, blant anna for ein bærekraftig vekst i sjømatnæringane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. No vil regjeringa styrke rettleiinga om heilskapleg arealplanlegging i dei kystnære sjøområda. Ein analyse frå Norconsult gjev innspel til dette arbeidet.

Norconsult har analysert utfordringar for arealplanlegging i sjø og har identifisert ei rekke område der det er behov for avklaringar og betre rettleiing frå departementet. Planlegging av område for akvakultur vert framheva som eit av fleire tema det trengs meir rettleiing om.

Analysen er bestilt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og er første ledd i arbeidet med å utvikle rettleiing om heilskapleg arealplanlegging i kystnære sjøområde. Rapporten gir eit godt underlag for det vidare arbeidet, og vil bidra til at rettleiinga kan tilpassast det faktiske behovet. 

- Dette gjev grunnlag for at vi kan planlegge meir heilskaplig langs heile kysten og bidra til ein bærekraftig sjømatproduksjon, seier Sanner.

Presset på sjøareala frå ulike bruks- og verneinteresser aukar, samstundes som strukturen i havbruksnæringa er i rask endring. For å sikre raske og effektive planprosessar er det viktig med oppdatert og relevant rettleiing. Rettleiinga vil bli utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i tett samarbeid med andre aktuelle styresmakter.

 Les rapporten her.