Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Analyse av utfordringar for planlegging i sjø

På oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Norconsult AS analysert utfordringar for arealplanlegging i kystnære sjøområde.

Analysen er første ledd i departementet sitt arbeid med å utvikle rettleiing om heilskapleg arealplanlegging i kystnære sjøområde. Analyserapporten er ikkje ein rettleiar i seg sjølv, men vil gje eit underlag for departementet sitt vidare arbeid.  Målet med rapporten er å gje ei oversikt som sikrar at rettleiinga vert tilpassa det faktiske behovet. Analysen byggjer blant anna på ein gjennomgang av 30 kommuneplanar, 34 reguleringsplanar og 5 interkommunale planar.

Analyse av utfordringar for planlegging etter plan- og bygningslova i kystnære sjøområde (pdf, 9 Mb)