Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022:

Satsing på sirkulær økonomi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vil bruke 30 millionar kroner til ordningar for å forvalte ressursane betre i ein grøn, sirkulær økonomi. Pengane skal mellom anna brukast til tiltak for å hindre matsvinn, skape digitale marknadsplassar og legge til rette for ombruk.

- Noreg har tatt mål av seg til å vere eit føregangsland for ein meir sirkulær økonomi. Viss vi skal nå miljømåla våre, må vi slutte å bruke naturressursane i eit høgare tempo enn naturen sjølv klarer å produsere. Vi må skape meir med mindre, og halde ressursane i omløp i økonomien så lenge dei har verdi, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tiltaka på statsbudsjettet er ei oppfølging av regjeringas strategi for ein grøn, sirkulær økonomi som vart lagt fram tidlegare i år. Av dei 30 millionane som regjeringa foreslår, skal 20,5 millionar brukast til private aktørar og 9,5 millionar til statlege verksemder.

Konkret skal pengane brukast til 12 prosjekt som følgjer opp dei viktigaste satsingsområda i strategien og synleggjør heilskapen i denne.

20,5 millionar til private aktørar

3,65 millionar kroner til Matvett for å styrke arbeidet mot matsvinn.

1,4 millionar kroner til KS for å utarbeide ein vegleiar for kommunar og fylkeskommunar om sirkulær økonomi.

4 millionar kroner til Virke for å heve kompetansen om sirkulær økonomi i handelsnæringa.

4 millionar kroner til Stiftelsen Miljømerking for å styrke og utvide arbeidet med miljømerking.

3,8 millionar kroner til Standard Noreg for å styrke standardiseringsarbeidet innanfor sirkulær økonomi og utvikle allmenne standardar innanfor bioøkonomien.

1,25 millionar kroner til Samordingsrådet for digitalisering i bygg-, anlegg- og eigedomssektoren til pilotprosjekt om digitale produktdata for byggevarar.

500.000 kroner til Eyde-klynga for å vidareutvikle databasen for materialstraumar i prosessindustrien.

1,3 millionar kroner til LOOP for arbeid med minimering og sortering av avfall

600.000 kroner til Norsk institutt for luftforsking for arbeid med sirkulær økonomi i det europeiske miljøbyrået EEA.

Statlege verksemder

5 millionar kroner til Brønnøysundregistra for å administrere eit prosjekt som skal kartlegge restråstoff og utvikle ein digital marknadsplass for bionæringane.

1,5 millionar kroner til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for å administrere ei ordning med å få fram nye sirkulære løysingar i samarbeid mellom offentlege oppdragsgjevarar og den private marknaden. Tilskottet vil gå direkte til private leverandørar.

3 millionar kroner til Forbrukarrådet for å opprette eit kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet, der hensikta er å stimulere til sirkulære forbrukarvalg i kvardagen.