Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

649 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frieinntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kanfortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etterkoronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

 

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 – 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

4201 Risør

422 493

9 853

2,4

4202 Grimstad

1 316 202

38 726

3,0

4203 Arendal

2 542 261

74 174

3,0

4204 Kristiansand

6 363 452

202 516

3,3

4205 Lindesnes

1 423 398

49 077

3,6

4206 Farsund

581 547

19 111

3,4

4207 Flekkefjord

569 296

13 411

2,4

4211 Gjerstad

167 278

2 546

1,5

4212 Vegårshei

145 593

2 204

1,5

4213 Tvedestrand

374 575

7 300

2,0

4214 Froland

349 237

13 927

4,2

4215 Lillesand

447 118

14 519

3,4

4216 Birkenes

330 977

14 168

4,5

4217 Åmli

154 040

6 238

4,2

4218 Iveland

102 241

3 427

3,5

4219 Evje og Hornnes

234 040

6 043

2,7

4220 Bygland

95 592

1 526

1,6

4221 Valle

92 625

2 401

2,7

4222 Bykle

93 753

2 606

2,9

4223 Vennesla

870 384

32 165

3,8

4224 Åseral

79 434

1 127

1,4

4225 Lyngdal

662 147

17 680

2,7

4226 Hægebostad

127 710

2 302

1,8

4227 Kvinesdal

390 920

9 207

2,4

4228 Sirdal

153 623

3 673

2,4

Til fordeling gjennom året

13 700

 

 

Agder

18 103 635

551 131

3,1

       

Agder fylkeskommune

    4 239 358

98 283

2,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.