Historisk arkiv

- Fornybarindustrien er viktig for Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

- Norsk fornybarindustri handlar om mykje meir enn berre kraftproduksjon, og har eit stort potensial for vidare vekst, sa olje- og energiminister Tord Lien då han heldt innlegg under fornybarkonferansen Achilles Live på Gardermoen.

- Dei fornybare energiressursane og ein velfungerande energisektor er konkurransefortrinn for Norge. Men fornybarindustrien handlar om mykje meir enn produksjon og transport av elektronar. Over 20,000 personar går på jobb i næringa kvar dag, noko som gjer dette til ein stor og viktig industri i seg sjølv. Med det aukande behovet for fornybar energi både i Norge og internasjonalt, finst det stort potensial for vidare vekst for bransjen, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Achilles Live er ein møteplass for leverandørar og innkjøparar i fornybarbransjen. Statsråden nytta også sjansen til å møte ein del av leverandørane i sektoren. Om lag 90 selskap var representert med utstilling på messeområdet.

Tord Lien på Achilleslive.

På messeområdet fekk statsråd Lien mellom anna demonstrert korleis komposittmateriale kan bli tatt i bruk i straummaster. Frå venstre: Ole Gunnar Fjelde (Comrod), Stig Myhr (Linjepartner) og olje- og energiminister Tord Lien (Foto: HEV/OED).