Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Auka tilskot til bibliotekteneste i fengsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa aukar tilskotet til bibliotekteneste i fengsel med 2,4 millionar kroner. Tilskotet gir rom for å opne nye fengselsbibliotek i 2008, og sikrar drifta ved eksisterande bibliotek.

Regjeringa aukar tilskotet til bibliotekteneste i fengsel med 2,4 millionar kroner. Tilskotet gir rom for å opne nye fengselsbibliotek i 2008, og sikrar drifta ved eksisterande bibliotek.

Bibliotekteneste i fengsel er del av arbeidet med rehabiliteringa av domfelte, og soningsfangar låner langt fleire bøker enn folk flest. Det er i dag 21 fengselsbibliotek som er eller i løpet av kort tid vil vere i ordinær drift. Dette dekkjer i 2007 vel 72 prosent av soningsplassane.

Kultur- og kyrkjedepartementet ynskjer å halde fram med arbeidet med ei generell opptrapping av tenesten med sikte på full dekning. I løpet av 2008 vert det oppretta fengselsbibliotek ved enda to fengsel. Departementet gjer framlegg om å auke tilskotet til bibliotekteneste i fengsel med i alt 2,4 millionar kroner, til nær 12,7 millionar kroner i 2008.

Regjeringa har òg sett i verk tiltak for å auke soningskapasiteten i fengsla. Dette gjev auka behov for fengselsbibliotek. Difor overfører Justisdepartementet 1,8 millionar kroner til Kultur- og kyrkjedepartementet. Justisdepartementet held lokale og inventar for tenesta, medan Kultur- og kyrkjedepartementet dekkjer utgifter til løn og utlånsmedium.

Til toppen