Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Omdømeprosjekt i Hallingdal får 3 000 000 kr i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Hallingdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Hallingdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. - Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Hallingdal 2020 er eit regionalt utviklingsprosjekt som skal vere med å utvikle Hallingdal som ein berekraftig bu- og arbeidsmarknadsregion. Kommunane i Hallingdal og Regionrådet for Hallingdal ønskjer å setje i gang ein omfattande prosess, kor tydelegare profilering av Hallingdal som region er grunnleggjande.

- Dette er eit regionalt samarbeidsprosjekt med ei rekkje spanande tiltak. Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00. 

Til toppen