Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Utlysning av 10 millionar kroner til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet utlysar midlar til årets runde av Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar. - Eg vil støtte opp under det lokale og regionale engasjementet knytt til park som utviklingsmodell, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet utlysar midlar til årets runde av Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar. - Eg vil støtte opp under det lokale og regionale engasjementet knytt til park som utviklingsmodell, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Målet med verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskaps- og identitetsområde i Noreg med særskilte natur- og kulturverdiar. Dette skal gjerast gjennom berekraftig bruk av natur- og kulturverdiane som ressurs. Verdiskaping vil i denne samanheng vere både sosial, kulturell, miljømessig og økonomisk verdiskaping.

Lokale og regionale parkar er ein samarbeidsmodell som er i ferd med å etablere seg for bygdeutvikling og berekraftig bruk av område i Noreg med viktige natur- og kulturverdiar. Føremålet til parkane er å fremje ei heilskapleg stad- og næringsutvikling, samt levande lokalsamfunn i bygder med slike verdiar.

- Styrken til dei lokale og regionale parkane er at dei spring ut av lokale initiativ om langsiktig og bredt samarbeid på tvers av privat, offentleg og frivilleg sektor, seier Navarsete.

Norske natur- og kulturverdiar er viktige ressursar og fellesgode som vi både må utnytte og ta vare på. Lokal mobilisering av frivillig sektor, samt forpliktande deltaking frå styresmakter og lokalt næringsliv kan skape ein god modell for ivaretaking og vidareutvikling av slike verdiar i et område. Etter inspirasjon frå fleire europeiske land kan lokale og regionale parkar bidra til å styrkje samarbeidet mellom aktørane om ei meir samordna og heilskapelig planlegging og utvikling av slike område. I utlysninga legg vi vekt på prosjekt som legg til rette for å utvikle lokale næringsbetingelser, reiseliv, kulturopplevingar, naturopplevingar og å utvikle identitet og merkevare.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00