Historisk arkiv

Lokale grep gir vekstkraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Bladet Vesterålen 29.05.2009.

Ole E. Mathisen har i bladet Vesterålen 28. mai ei viktig oppfordring, tydeleg inspirert av den ferske distrikts- og regionalmeldinga. Skal vi få livskraftige distrikt, er det lokalsamfunna sjølve som må ta grep.

Det gler meg at Mathisen har lese meldinga ”Lokal vekstkraft og framtidstru”. Han synest langt på veg å vera samd med regjeringa, sjølv om han saknar klårare prioriteringar. Regjeringa har i inneverande stortingsperiode prioritert ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk og ei rekkje politikkområde er innretta for å møta utfordringar i ulike delar av landet. Styrking av kommuneøkonomien og samferdsle er viktige døme på dette. Det same er dugnaden mellom staten, fylkeskommunar og kommunar om utbygging av breiband.

Ei hovudline i meldinga er å utvida det rommet for handling som kommunar og lokalsamfunn har. Den lokale vekstkrafta skal utnyttast. Ein aktiv distriktspolitikk skal leggja tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet.


Vi har også auka dei årlege midlane til utviklingstiltak gjennom fylkeskommunane frå 1 til 1,3 milliard kroner.  Om lag 500 millionar kroner av desse midlane går til dei tre fylka i Nord-Noreg. Midlane vert nytta både til bedriftstøtte gjennom Innovasjon Noreg og kommunale næringsfond, og ei rekkje andre utviklingstiltak for kommunane og  næringslivet. Utdanning og forsking, transport, helsetenester, forvaltningsplanar for verneområda, fiskeri, havbruk og landbruk er andre politikkområde som er viktige for å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken.

For bladet Vesterålen reknar eg med at regjeringa si satsing på nordområda er kjent. Seinast frå april, då regjeringa la fram førebels siste steg i dokumentet ”Nye byggesteiner i nord” .

Denne breie satsinga har gjeve resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.

Så er det viktig å hugsa at ambisiøse planar laga på sentralt hald og meir pengar ikkje utan vidare gjev ei positiv utvikling i lokalsamfunna. Attraktive lokalsamfunn må byggja på ein aktiv eigeninnsats.

Dyrøy i Troms er ein slik kommune. Dei har gjennom fleire år vore opptekne av lokalt utviklingsarbeid. Ein stor del av folket i kommunen er involvert i aktivitetar for å utvikla kommunen i positiv lei. Dyrøy har også vore tidleg ute med fibernett til alle husstandar og bedrifter i  kommunen.

I stortingsmeldinga vert det peika på at fleire kommunar har utfordringar når det gjeld kapasitet og kompetanse til å driva lokalt utviklingsarbeid.

Dømet frå Dyrøy syner at dette ikkje treng å henga saman med storleiken. Samstundes kan mange kommunar ha nytte av støtte utanfrå til å styrkja evna til å mobilisera befolkning, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Derfor vil regjeringa samarbeida med fylkeskommunane om ei satsing på å styrkja slikt arbeid i kommunane. Dette er særleg viktig i mindre kommunar med svak utvikling i folketal og næringsliv, som det er mange av i Nord-Noreg. Målet er at styrkt lokalt samfunnsutviklingsarbeid skal betra bruken av dei midlane som vert nytta til utvikling og omstilling i landsdelen.

Regjeringa ønskjer eit levande Noreg. Då må vi stimulera den lokale vekstkrafta. Folk har gjennom generasjonar vist at dei har naudsynt fantasi og arbeidsvilje til å ta i bruk ressursar og skapa seg gode liv. Lang eller kort veg til naboen, dette skal vera mogleg også i åra som kjem.