Forsida

Historisk arkiv

Statsbudsjettet:

Satsing på folkebiblioteket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa ønskjer at løyvinga til bibliotek og innkjøpsordningar blir auka med til saman 6 millionar kroner i 2011. 2 millionar kroner skal brukast til ei ny innkjøpsordning for dataspel.

Regjeringa ønskjer at løyvinga til bibliotek og innkjøpsordningar blir auka med til saman 6 millionar kroner i 2011. 2 millionar kroner skal brukast til ei ny innkjøpsordning for dataspel.

1 million går til styrking av innkjøpsordninga for ny, norsk skjønnlitteratur for barn og unge gjennom Norsk Kulturråd. I framlegget frå regjeringa går 154,9 millionar kroner til litteraturformål under Norsk kulturfond.

Nasjonalbiblioteket har ansvar for å gjennomføre ein nasjonal bibliotekpolitikk og utvikle biblioteka som aktuelle samfunnsinstitusjonar. Etter omorganiseringa av bibliotekfeltet har Nasjonalbiblioteket òg fått ansvaret for vidareutviklinga av folkebiblioteksektoren og oppfølging av Leseløftet. Folkebiblioteka som møteplassar og bibliotekarane som fagfolk og formidlarar er sentrale i lesesatsinga. 

Nasjonalbiblioteket får 3 millionar kroner til si digitaliseringssatsing, medan løyvingar på 10 millionar kroner til leseløft, bibliotekutvikling og kompetanseutvikling blir lagt til Nasjonalbiblioteket.